Utskrift 03.12.2024 01:16
Stor fruktbladviklar overvintrar som unge larver. Larvene kan føre til seine angrep på frukter før dei spinn seg inn for overvintring.
Både hannen og hunnen ligner noe på kartviklerne. Hunnen er stor med et vingespenn på 20-28 mm. Den er mer gyllenbrun enn kartviklerne. Halvvoksne larver har en grågrønn kropp og et svart hode, mens fullvoksne larver har en mer grønn kropp og et brunt-mørkebrunt hode.
Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.
Blad
Unge larver kjem fram tidleg på våren og går inn i knoppar og kan såleis skade blada før dei sprett ut. Skade på blad som er folda ut liknar på skaden til viklarar som overvintrar som egg, blada rullar seg saman med undersida ut.
Blom
Blomeknoppar kan verte øydelagde av små larver som borar seg inn. Larvene kan også ete opp arr og pollenberar i opne blomar.
Frukt
Kart vert oftast ikkje skada av viklarar som overvintrar som larver. Større frukter kan verte skada av nyklekte larver i august/september. Skaden ser ein som gnag i skalet.
Skadepotensiale
Skaden på våren er ikkje så alvorleg for fruktene. Larvene forpuppar seg før karten er ferdig utvikla. Skaden på hausten kan føre til store økonomiske tap.
Frukttre
Stor fruktbladviklar overvintrar som unge larver (i andre eller tredje stadium). Dei spinn seg inn i ein silkekokong under eit knoppskjell, mellom eit blad og ei grein eller under andre gøymestader. Larvene kjem fram tidleg på våren, gjerne i april, og er vanlegvis ferdig utvikla før karten byrjar kome. Når larvene er ferdig utvikla forpuppar dei seg inni eit blad, eller mellom to blad.
Dei vaksne svermar frå juni til september, og egglegginga føregår frå seint i juni til ut i august. Larvene kan føre til seine angrep på frukter før dei spinn seg inn for overvintring.
Stor fruktbladviklar og andre viklarar som overvintrar som larver har fleire naturlege fiendar som fugl, nebbteger, blomsterflugelarver, marihønelarver, gullaugelarver og snylteveps.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg |
Tiltak mot larver kan setjast inn før eller etter bløming. Kjemiske tiltak er mest effektive dersom dei vert sett inn mot unge larver.
Oppdatert 16. mars 2011
Gjemmested for viklerlarver (Foto: O. Sørum)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO